Auka bruk av QGIS i kommunane

Det er veldig gøy å sjå at fleire kommunar tek i bruk QGIS! Kommunane i Ryfylket har eit eige GIS-nettverk og har nettopp hatt eit skreddarsydd QGIS-kurs for 14 deltakarar frå seks ulike kommunar. Mange spør QGIS-Norge etter aktørar som arrangerar QGIS-kurs og support, Norkart er eit av selskapa som driv med dette. Les artikkelen deira her: https://www.norkart.no/m%C3%A5lrettet-qgis-l%C3%B8ft-med-skreddersydd-kurs.

I fana medlemmer kjem vi til å publisere alle organisasjons-medlemmane i QGIS-Norge slik at det er mogleg å få litt oversikt over kven som brukar QGIS i Norge. Vi kjem også til å publisere dei QGIS-nettverka vi kjenner til rundt om i landet.

QGIS-Norge brukarsamling 2026

I år blir brukarsamlinga i Oslo den 11.november. Dette er dagen etter Geonorge si brukarkonferanse, og dermed ein glimrande moglegheit til å få med seg begge arrangementa. Hold av datoen!

Meir informasjon om lokasjon, påmelding og program kjem.

Brukarsamlinga er grais for alle medlemmar og vi vil få til ei sosial samling kvelden før.

Helsing styret i QGIS-Norge

QGIS-Norge har blitt Medium Sustaining member

I år har vi endeleg klart å bli medium sustaining member i QGIS-prosjektet internasjonalt. Vi håper at vi med dei nye medlemskategoriane våre kan få inn enda meir støtte slik at vi kan bli large member og kanskje til og med Flagship member. Våre nærmaste naboland Danmark og Sverige er Flagship members og vi vil ikkje vere dårlegare. Støtt oss gjerne som QGIS-forkjemper og hjelp oss til å bidra til utviklinga av QGIS. Alle som støttar QGIS-Norge som forkjemper vil få logoen sin publisert på nettsida vår.

Vi endrer medlemskategorier

Årsmøtet i QGIS Norge har vedtatt nye medlemskategorier som skal gjelde fra 2026. Endringen skal gjøre det enklere å bli medlem og samtidig legge til rette for at QGIS Norge kan bidra økonomisk til det internasjonale QGIS-prosjektet.

Målet er at vi – dersom vi får tilstrekkelig støtte fra organisasjoner og privatpersoner – kan bli Large Member i QGIS-prosjektet. Dette gir økt påvirkning, styrker det norske QGIS-miljøet og bidrar direkte til utvikling av QGIS globalt.

Nye medlemskategorier:

  • Organisasjon – forkjemper: frivillig høyere støtte (10 000 kr/år)
  • Organisasjon – bidragsyter: ordinær medlemsavgift (3000 kr/år)
  • Privatperson: 300 kr/år
  • Student og pensjonist: gratis (0 kr/år)

Organisasjoner som støtter QGIS Norge som forkjempere, vil få logo og lenke publisert på QGIS Norge sin hjemmeside.

Vi vil oppfordre privatpersoner som bruker QGIS i arbeidshverdagen, til å ta initiativ til at egen organisasjon tegner kollektivt medlemskap og blir organisasjonsmedlem, bidragsyter eller forkjemper, på vegne av de ansatte.

Tusen takk til alle som bidrar til QGIS-Norge og QGIS-prosjektet!

Søk tilskudd til QGIS‑prosjekt i 2026

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har no lyst ut inntil 8,7 millionar kroner i tilskudd til kompetansetiltak innan planlegging, kart og geodata i 2026. Ordninga er særleg relevant for fagmiljø som utviklar digitale verktøy, metoder og kompetanse – noko som inkluderer prosjekt der QGIS inngår som del av løysinga.

Kven kan søke?
Private, ideelle og andre faglege aktørar (organisasjonar, verksemder, stiftelser), gjerne i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar.

Kva kan ein få støtte til?
Tiltak som utviklar eller formidlar kompetanse og verktøy innan plan, kart og geodata, mellom anna:

  • digitaliserte arbeidsprosessar og verktøy
  • metodar for meir effektive planprosessar
  • bruk av grå areal
  • kunnskapsgrunnlag om bustadbehov

Relevant for QGIS‑miljøet
I år oppmodar departementet særleg til søknader som styrker datadreven planlegging og digitale arbeidsverktøy – eit område der QGIS står sterkt. Dette kan vere prosjekt som utviklar QGIS‑baserte løysingar, integrasjonar, nye analysemetoder eller opplæringstiltak som styrker kommunal og regional bruk av open kjelde‑GIS.

Søknadsfrist: 20. april 2026

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:
👉 Søk om tilskudd til kompetansetiltak innen plan, kart og geodata (KDD)

Ny plugin for SOSI Import

Tom-Erik Bakkely Aasheim har laga ein plugin for dei som vil bruke kartdata som finns i SOSI-filer i QGIS. Pluginen heiter «SOSI Import» og finns der du vanlegvis lastar ned QGIS plugins.

Test den da vel! Gi gjerne tilbakemelding på forbetringar eller feil her: https://github.com/tompreik-kv/sosi2gpkg/issues  

Beta frå Tom-Erik:

Pluginet er todelt;

1) Du kan laste inn selve SOSI-fila rått (OBS: BETA!!), men her hagler det med bugs og kan egentlig regnes som ubrukelig 🤣 Blir mest sannsynlig fjernet i neste versjon.

2) Du kan konvertere til GeoPackage on-the-fly. Dette fungerer fint, går raskt og virker stabilt. 

God jul frå QGIS-Norge!