Auka bruk av QGIS i kommunane

Det er veldig gøy å sjå at fleire kommunar tek i bruk QGIS! Kommunane i Ryfylket har eit eige GIS-nettverk og har nettopp hatt eit skreddarsydd QGIS-kurs for 14 deltakarar frå seks ulike kommunar. Mange spør QGIS-Norge etter aktørar som arrangerar QGIS-kurs og support, Norkart er eit av selskapa som driv med dette. Les artikkelen deira her: https://www.norkart.no/m%C3%A5lrettet-qgis-l%C3%B8ft-med-skreddersydd-kurs.

I fana medlemmer kjem vi til å publisere alle organisasjons-medlemmane i QGIS-Norge slik at det er mogleg å få litt oversikt over kven som brukar QGIS i Norge. Vi kjem også til å publisere dei QGIS-nettverka vi kjenner til rundt om i landet.

QGIS-Norge brukarsamling 2026

Velkomen til QGIS-Norge brukarsamling! Her finn du all informasjon om arrangementet.

Dato
Onsdag 11. november 2026 fra kl. 09:30 til 16:00.

Stad
Plan og bygningsetaten, Oslo kommune, Vahls gate 1.

Kostnad
Brukarsamlinga er gratis for medlemmar. Meld deg inn i QGIS Norge. Husk å meld deg på brukarsamlinga etter at du har meldt deg inn i QGIS-Norge.

Påmelding
Påmeldinga er åpen. Fristen er onsdag 28. oktober kl. 17:00. Påmelding

Sosial samling kvelden før brukarsamlinga
Kvelden før samlinga (10.november) blir det sosial samling saman med Geonorge Brukerkonferanse 2026 på Barcode Street Food.

Programmet
Eit spennande program begynner å ta form. Fullstendig program kjem snart. Vi kan røpe at Marco Bernasocchi opensource-guru, grunnleggar av Qfield og styreleiar i QGIS-organisasjonen kjem å held foredrag. I tillegg blir det mellom anna foredrag om QGIS-server, beredskapsløysing i QGIS og Kartverket skal fortelle om sine planar framover.

QField-workshop med Marco 12.november
Tid: 09:00-13:00
Stad: Kartverket, Drammensveien 151, Skøyen
Kostnad: Gratis for medlemmar. Begrensa antal plassar.

Påmelding QField: Kjem her

QGIS-Norge har blitt Medium Sustaining member

I år har vi endeleg klart å bli medium sustaining member i QGIS-prosjektet internasjonalt. Vi håper at vi med dei nye medlemskategoriane våre kan få inn enda meir støtte slik at vi kan bli large member og kanskje til og med Flagship member. Våre nærmaste naboland Danmark og Sverige er Flagship members og vi vil ikkje vere dårlegare. Støtt oss gjerne som QGIS-forkjemper og hjelp oss til å bidra til utviklinga av QGIS. Alle som støttar QGIS-Norge som forkjemper vil få logoen sin publisert på nettsida vår.