Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har no lyst ut inntil 8,7 millionar kroner i tilskudd til kompetansetiltak innan planlegging, kart og geodata i 2026. Ordninga er særleg relevant for fagmiljø som utviklar digitale verktøy, metoder og kompetanse – noko som inkluderer prosjekt der QGIS inngår som del av løysinga.
Kven kan søke?
Private, ideelle og andre faglege aktørar (organisasjonar, verksemder, stiftelser), gjerne i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar.
Kva kan ein få støtte til?
Tiltak som utviklar eller formidlar kompetanse og verktøy innan plan, kart og geodata, mellom anna:
- digitaliserte arbeidsprosessar og verktøy
- metodar for meir effektive planprosessar
- bruk av grå areal
- kunnskapsgrunnlag om bustadbehov
Relevant for QGIS‑miljøet
I år oppmodar departementet særleg til søknader som styrker datadreven planlegging og digitale arbeidsverktøy – eit område der QGIS står sterkt. Dette kan vere prosjekt som utviklar QGIS‑baserte løysingar, integrasjonar, nye analysemetoder eller opplæringstiltak som styrker kommunal og regional bruk av open kjelde‑GIS.
Søknadsfrist: 20. april 2026
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her:
👉 Søk om tilskudd til kompetansetiltak innen plan, kart og geodata (KDD)